Jansen Records

Say Ja. to great new Norwegian music! Jansen Records is a Oslo record label with the good stuff.

Customer service:
support@tigernet.no

Display prices in:

Register account

Cart ( 0,0 EUR )

Your cart is empty
Powered by Tigernet

Vinjefolk

Jansen Records Jun 12th 2019
Vinyl
10.5 EUR
Buy

Tracklisting:

1.Etter ein rangel/Fitakaleerie

2.Ved Rondane

I solnedgangen på Eidsbugarden i 2018 skjer noko som ein sjeldan har opplevd før. Med Bygdin som bakgrunn dansar fleire tusen ungdomar skamlaust til tonane frå fele og banjo. Ved Rondane (Aasmund Olavsson Vinje/Hans Martin Austestad, mel: Edvard Grieg) og Etter ein rangel (Jakob Sande) ljoma mellom Jotunheimen sine tindar. Framom scena kvervlar par i ullgenserar rundt i armane til kvarandre i dans, ei improvisert jenka-lenke oppstår i folkemengda, og ikkje eit menneske står i ro. På scena står Vinjefolk, eit storband som spelar sin folkemusikk saman for fyrste gong. Dette hadde han nok likt, namnefaderen og rebellen Aasmund Olavsson Vinje.

Det finst ikkje noko så usexy som ordet bestillingsverk, sa Julie Forchhammer, festivalsjef for Vinjerock våren før storbandet Vinjefolk oppstod. Fordommane var trassa, for Julie Forchhammer ville lage folkefest på Vinjerock. På ynskjelista stod skamlaus partymusikk for folk som ikkje kan noko om folkemusikk frå før. Usexyheita forsvann som dogg for sola den sommarnatta i Jotunheimen. Vinjefolk skapar lystig og frigjerande folkemusikk av slåttar som er kjende, i ei ny form som der ingen kan stå i ro. Dei er folkemusikkbandet verda ikkje visste den trengde, skreiv ein anmeldar frå Folkemusikk.no etter Osafestivalen på Voss.

12. juni gir Vinjefolk ut ei plate med to låtar på Jansen Records. På feler er det skotske Sarah-Jane Summers (Summers/Silvola, Siskin Quartet) og Erlend Viken (Erlend Viken Trio). På klimpreinstrument finn me Hans Martin Austestad (Earlybird Stringband, Løkki) på banjo, finske Juhani Silvola (Adjagas, Erlend Viken Trio) på gitar og Morten Kvam på kontrabass. Det heile blir toppa med Anders Lillebo (Stampestuen, Eau de Vill) på orgel og munnspel og Knut Ålefjær (Helge Lien Trio, Kristin Asbjørnsen), som trakterer trommer og perkusjon.

Etter ein Rangel/Fitakaleerie: tekst: Jacob Sande, melodi: ukjent, arr: Hans Martin Austestad / Fitakaleerie: Sarah-Jane Summers)

Ved Rondane: tekst: Aasmund Olavson Vinje/Hans Martin Austestad. Mel: Edvard Grieg. Arr: Vinjefolk)